
På skulen har me ennå om norrøn tid, og difor skal eg skriva om noko frå det me har hatt om.
Balder var ein av dei gudane i norrøn mytologi.
Han begynnte å drauma om at det skulle skje han noko, difor skulle dei andre gudane få alle ting til å lova at dei ikkje skulle skade han.
Etterpå moro dei seg med å hive steinar og sånt på Balder, for dei kunne jo ikkje skada han.
Loke, ein halv slem gud, såg dette og drog til Frigg, det var Frigg som hadde toke alle ting i eid.
Loke skapte seg om til ei kone og spurde Frigg om det var noko som ikkje hadde lovt at det ikkje skulle skade Balder.
Frigg svarte at det var ei lita misteltein han følte var for lita til å avlegge eida. Loke drog og fann denne mistelteina og laga ei pil av ho. seinare når han kom tilbake til Balder lurte han ein gamel, blind gud, som heitte Hod til å skyte Balder med pila, Hod skaut og traff, mens Balder sank saman og døy.
Dei andre gudane kunne ikkje straffe Loke for dette, sidan dei var på heillag jord.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar